Powered by Froala Editor

Powered by Froala Editor

Fotballforsikring

Skulle det oppstå skade og uhell gjennom fotballaktivitet, kan du ringe Idrettens skadetelefon (IST) på 987 02 033 for bistand. Deretter må du sende inn skadeskjema hos Skadetelefonen (idrettshelse.no)

Er utøvaren over 18 år er det utøvaren sjølv sitt ansvar at skadar blir meld inn til forsikringsselskapet så raskt som mogleg etter uhellet har skjedd. Er utøvaren under 18 år, skal foreldre eller føresette for utøvaren registrere skada.

Om du ønsker råd og rettleiing, kan du ta kontakt med Hareid IL eller lese meir på Fotballforbundet si heimeside.


NIFs Barneidrettsforsikring (0-12 år)


Barneidrettsforsikringa gjeld opp til den dagen spelaren fyller 13 år. Barneidrettsforsikringa er innlemma i Skadetelefonen.

Kravet for å vere dekka av Norges Idrettsforbund si Barneidrettsforsikring er mellom anna skada oppstod i eit arrangement i regi av eit idrettslag/klubb.


Klubbforsikring (13 år og eldre)


Spelarar som er 13 år eller eldre er forsikra gjennom klubbens lagsforsikring. Det er derfor svært viktig at spelarane er registrerte i FIKS.

Spelarar som ikkje er registrert i FIKS er ikkje forsikra, og dermed heller ikkje spelebrettiga.


Trenarar, lagleiarar og dommarar


Alle trenarar, lagleiarar og dommarar som er registrert i FIKS, er dekka av grunnforsikringa.

Powered by Froala Editor

Dommarkoordinator:  Tor Henning Andersen

Kim-Tore Husøy (til høgre) klatra opp på 12.-plass på adelskalenderen denne hausten. Husøy (161) ligg på fjerdeplass på målstatistikken bak Einar Elvanes (230), Knut Stranden (179) og Leiv Arne Grimstad (161). Men no er Husøy ferdig på a-laget, i alle fall for denne gong (?).

Vi merkar oss at Eiliv-Tore Howlid er oppe på sjuandeplass på adelskalenderen. Kim-Tore Husøy har tatt over 12.-plassen. Totalt 549 personar har no vore på bana sidan oppstarten i 1946. Av desse debuterte sju i 2016.